Indre Sogn Sosialistisk Ungdom og Songndal Natur og Ungdom aksjonerte 9. juni utanfor Sogningen storsenter. Dei delte ut løpesetlar og samla inn underskrifter for å trekka det norske oljeselskapet Statoil ut av Nigeria. ?Me ynskjer å spreia informasjon om situasjonen i Nigeria og bygga opp folkeleg motstand mot dei internasjonale oljeselskapa si plyndring av landet» seier Johanne Karlsrud frå Indre Sogn SU. «I over 50 år har dei internasjonale oljeselskapa, inkludert Statoil, drive rovdrift på landet sine oljeressursar. Dette har ført til enorme miljøkonsekvensar, utan at oljerikdomen har kome folket i Nigeria til gode. I staden har livsgrunnlaget; dei arbeidsplassane folk hadde før olja, blitt øydelagt. Det som tidlegare var eit av Afrikas frodigaste landbruk og som eksporterte mat til resten av kontinentet, er no forureina og øydelagt. Same vegen har det gått med fisket. Nigerdeltaet er området der oljeutvinninga føregår. Det var før fult av fisk, men no flyt elvane tjukke i olje og alt som tidlegare levde der døyr. Mange stader har det til og med utvikla seg sokalla «oljesumpar» av spillolje som ingen ryddar opp.»
Kampanje
Sosialistisk Ungdom gjennomfører denne våren ei internasjonal solidaritetskampanje med befolkninga i Nigerdeltaet i Nigeria. Utsendingar frå SU har vore på rundreise i området, saman med dei lokale samarbeidspartnarane Environmental Rights Action (ERA). Dei har i etterkant reist rundt lokallaga i SU, fortalt om opplevingane sine i Nigerdeltaet og vidareformidla boskapen til den nigerianske lokalbefolkninga. Karlsrud fortel: «Alle som dei frå delegasjonen vår prata med i Nigeria er heilt klare; dei vil ikkje ha meir oljeverksemd! Dei har gått grundig lei at oljeindustrien øydelegg livsgrunnlaget, samfunna og liva deira.»
ERA har ikkje berre som hovudmål at oljeressursane i Nigeria skal komma det nigerianske folket til gode og kasta ut eller skattlegga dei internasjonale oljeselskapa. Dei ynskjer ogso ei fullstendig stopp i oljeutvinninga i landet. Dette tykkjer Sosialistisk Ungdom er temmeleg imponerande: «Me ser at nigerianarane ikkje ynskjer meir oljeutvinning, til tross for dei enorme verdiane som ligg under bakken i Nigeria. Oljeførekomstane i Nigeria er mykje større enn dei me har i Noreg. Likevel er dei negative konsekvensane so store at folket ynskjer å kvitta seg med heile industrien. Dei ser at risikoen ved oljeverksemd og sjansen for å øydelegga fornybare ressursar som fisk og landbruk er alt for store til at det er verdt det. Olja går ein jo trass alt tom for.»
Norske forhald
Karlsrud dreg ogso parallellar til norske forhald:
«Detta er noko me her i Noreg kan læra av. Når me ser at oljeindustrien er ansvarlege for enorme miljøøydeleggingar, seinast monsterutsleppet i Mexicogulfen, som øydelegg dei fornybare ressursane som me treng som sårt når me skal klara oss utan olje, so bør det blinka nokre varsellamper. I Nigeria ser me at oljeindustrien skapar få jobbar for vanlege nigerianarar. I staden importerer selskapa arbeidskraft frå andre land, som til dømes Kina, det til trass for at arbeidslausa og fattigdommen er enorm. Noko av den same effekten meinar me ein vil få dersom ein opnar for oljeboring i nord. Sjølv om oljeselskapa prøvar å skapa eit bilete av mange nye arbeidsplassar i Nord-Noreg i propagandakrigen sin viser undersøkingar at oljeboring i nord vil skapa få nye arbeidsplassar i Nord, men mange i Stavanger. På same måte som at det er mange oljefelt utanfor kysten til fylket vårt, utan at me har nokon arbeidsplassar knytt til det å snakka om. Det er utruleg viktig, ikkje minst for oss unge som eig framtida, at det norske folk seier nei når storselskapa pressar på og prøvar å opna sårbare områder som Lofoten, Vesterålen og Senja for oljeboring!»
-Korleis reagerte den jamne sogndølen på aksjonen dykkar?
«Folk var utruleg positive og interesserte! Det var mange som støtta kravet vårt og me fekk ein heil del underskrifter. Eg trur folk har ei ganske klar oppfatning om kva Statoil skal vera; det skal vera eit selskap eigd og styrt av det norske folket for å forvalta norske ressursar til det beste for befolkninga i Noreg. Statoil skal ikkje driva utplyndring av fattige land sine ressursar og bidra til miljøøydeleggingar og fattigdom. Me krev difor at Statoil blir kjøpt opp av den norske staten, sånn at det igjen kan vera 100% eigd av det norske folk og at staten brukar eigarskapen sin til å trekka oss ut av Nigeria.»
Natur og Ungdom i Sogndal var ogso med på aksjonen som eit samarbeid mellom SU og NU. Mari Sofie Johanne Sandvik, leiar i Sogndal NU støttar gladleg opp om aksjonen:
"Sogndal Natur og Ungdom støttar meir enn gjerne denne kampanjen. Det er ikkje rett at oljenæringa, som er ei midlertidig næring, skal få rasera menneske sine sjansar til å livnæra seg sjølve, og generasjonane som kjem. Statoil er ein aktør i utvinninga av olje i Nigeria, noko som gjer at dei må ta sin del av ansvaret for dei katastrofale følgjene dette har fått for det nigerianske folket. Ei slik utnytting vil me ikkje vere med på! Det er på høg tid at Statoil respekterer ynskja til lokalbefolkninga, og trekkjer seg ut av landet."